Lukk
Plan – Tidsskrift for samfunnsplanlegging, regional- og byutvikling

Gratis nettkurs om folkehelsearbeid

Eit forskingsmiljø ved Høgskulen i Volda har på oppdrag frå Helsedirektoratet utvikla eit nettkurs for kommunar og fylkeskommunar om kvalitative data i folkehelsearbeid. Nettkurset er gratis tilgjengeleg på helsedirektoratet.no. Målet er å styrke kommunane sin kompetanse om kvalitative data for å sikre eit systematisk og kunnskapsbasert folkehelsearbeid.

Publisert

Kunnskapsbasert folkehelsearbeid kan vere utfordrande i praksis. Det viktige folkehelsearbeidet som alle landets kommunar er pålagde å gjere skal vere kunnskapsbasert. Dette inneber at avgjersler, prioriteringar og tiltak som gjeld folkehelse skal vere tufta på tre kunnskapskjelder; Systematisk innsamla forskingsbasert kunnskap, erfaringsbasert kunnskap, og brukarmedverknad. Dei ulike kunnskapskjeldene gir ulike informasjon. Gjennom å kombinere kunnskapskjelder er ein derfor mykje sikrare på at val, prioriteringar og folkehelsetiltak ein set i verk fungerer, og at dei når innbyggarane ein ønskjer å nå. Dette er ein viktig bakgrunn for Folkehelseloven sine krav om at folkehelsearbeidet som kommunar og fylkeskommunar utfører skal vere kunnskapsbasert.

Kommunar har rikeleg tilgang på forskingsbasert kunnskap om folkehelse, mellom anna gjennom ulike statistikkbankar, kartleggingar og undersøkingar av helse og levekår. Erfaringsbasert kunnskap og brukarmedverknad derimot, er kunnskap som kommunane vanlegvis må skaffe til vege sjølve. Typisk for desse kunnskapskjeldene er at dei handlar om lokale tilhøve slik som innbyggarane sine erfaringar og behov, men også om utforming av fysiske omgjevnadane og tilgang på tenester. Mange kommunar melder at dei er usikre på korleis dei skal få tak i kunnskap om desse tilhøva, korleis dei skal forstå den, og ikkje minst korleis dei kan ta denne kunnskapen i bruk i det praktiske folkehelsearbeidet. Å drive kunnskapsbasert folkehelsearbeid i praksis, slik kommunar er lovpålagde å gjere, kan derfor vere utfordrande.

Styrking av kunnskapsbasert folkehelsearbeid

Helsedirektoratet ønsker derfor å styrke kommunane sin kompetanse om kunnskapsbasert folkehelsearbeid generelt og kompetanse om erfaringsbasert kunnskap og brukarmedverknad spesielt. Høgskulen i Volda og eit forskarteam med bakgrunn frå folkehelseforsking og -praksis fekk oppdraget med å utvikle eit nettkurs for kommunar og fylkeskommunar.

 

Kunnskapsbasert praksis. Ill.: www.kunnskapsbasertpraksis.no

Digital læringsressurs

Nettkurset er utforma som ein digital læringsressurs og er tilgjengeleg på ei opa plattform via helsedirektoratet.no. Kurset består av fem modular som tek for seg kjenneteikn ved kvalitative data, innsamling, bearbeiding og bruk av kvalitative data i det systematiske folkehelsearbeidet. Modulane inneheld læringsvideoar og videoar med eksempel frå praksisfeltet, og refleksjonsoppgåver kursdeltakarane kan gjere sjølve eller helst i lag med kollegaer. Eit formål er å styrke kommunar og fylkeskommunar sin kompetanse om kvalitativ informasjon i folkehelsearbeidet.

Praksiseksempel frå Stord og Ørsta

Eit anna formål er at kurset skal vere praksisnært og tett på utfordringar kommunane står i. Kurset inneheld derfor eksempel frå Stord og Ørsta kommunar, som deler nokre av sine erfaringar med bruk av kvalitative data i lokalt folkehelsearbeid.

Bidrag til kunnskapsbasert praksis i folkehelsearbeidet

Nettkurset er skreddarsydd for kommunar og fylkeskommunar og deira innsats med kunnskapsbasert folkehelsearbeid i praksis.  Derfor er nettkurset også eit bidrag til kunnskapsbasert praksis i det systematiske folkehelsearbeidet som vert utført i kommunar og fylkeskommunar.

Vedlegg

Illustrasjon: Kunnskapsbasert praksis. Kjelde: www.kunnskapsbasertpraksis.no

Foto av forfattarane: Førstelektor Gro Anita Bårdseth og førsteamanuensis Ellen Strøm Synnevåg. Foto: Høgskulen i Volda

Lenke til nettkurs:

https://hivolda.instructure.com/courses/5198

Kontaktinformasjon:

Gro Anita Bårdseth, gro.anita.bardseth@hivolda.no

Ellen Strøm Synnevåg, ellen.strom.synnevag@hivolda.no

 

Artikkelen er merket med:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *