Lukk
Plan – Tidsskrift for samfunnsplanlegging, regional- og byutvikling

Norsk politikk på ville vegar: Epidemifremjande planlegging

Nasjonal transportplan bidrar til urban fattigdom og forsterkar alt som har gjort det umogleg å hindre denne største katastrofen etter andre verdskrigen, meiner professor Håvard Teigen.

Publisert – Sist oppdatert 07.04.2021

Nasjonal transportplan 2022–2033

  • Regjeringen la fram Nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2022-2033 fredag 19. mars i år.
  • NTP er en plan for transport både for vei, jernbane, sjø og luft i Norge, og den gjelder i tolv år av gangen. Den revideres hvert fjerde år.
  • I planen prioriterer regjeringen mellom alle samferdselsprosjekter i landet og sier hva det skal satses på og bevilges penger til. Bevilgningene må komme i senere års budsjetter, og prioriteringer kan bli endret.
  • Den reviderte NTP for perioden 2022-2033 har en totalramme på 1.200 milliarder kroner. Av dette er 1.076 milliarder kroner statlige midler, mens 123 milliarder er bompenger.

Det er to epidemiar som rir oss: Korona- og fattigdomsepidemien. Er det ein samanheng mellom desse? Og korleis planlegg vi for å unngå dei i framtida? Desse store spørsmåla skal eg løfte fram, men ikkje prøve å svare fullt ut på i ein liten kronikk.

Koronaepidemien har eit felles kjenneteikn i alle land: Storbyane er episenteret. Spreiingsmønsteret frå storbyane er avhengig av reiserutene, først og fremst kor stort dagpendlingsområdet rundt byane er, men også vekependlinga til andre byar og regionar i landet og ikkje minst reiserutene inn og ut av landet.

Denne epidemien blir skildra som den største katastrofen etter andre verdskrigen på to viktige område: i talet på døde og nedgang i verdsøkonomien. Til samanlikning, etter andre verdskrigen er det brukt tusenvis av milliardar på unngå ein ny krig, men kva gjer vi for å unngå ein ny epidemi?

Eit norsk svar på dette spørsmålet fekk vi da regjeringa la fram ein ny Nasjonal transportplan førre veka. Enkelt sagt gjekk planen ut på å byggje ein infrastruktur for veksande storbyar og i tillegg eit transportnett for å auke rekkevidde av dagpendling ut og inn av byane. Kollektivtransporten skal leggast opp slik at det kan og skal byggast høgt og tett der bane og tog stoppar. Ei tredje rullebanne er under planlegging på Oslo Lufthamn for å ta fleire personar inn og ut av landet.

Det er lett å sjå at denne transportplanen er virusfremjande planlegging. Det skal satsast på å byggje eit samfunn som forsterkar alt som har gjort det umogleg å hindre denne største katastrofen etter andre verdskrigen. Det er ein plan for å gjere større delar av Norge til ein del av det store episenteret, Osloregionen. Internt i regionen er planen også å auke problema gjennom å lage knutepunkt der folk blir stuva saman i bybane, buss og tog – og så transportert for og å bu i tette og høge blokkar.

Vi veit nå at alt dette kvalifiserer til eit nytt paradigme for samfunnsplanlegging: Den epidemifremjande samfunnsplanlegginga.

Korleis planlegg vi så samfunnsutviklinga for å få fjerne den andre store pandemien, fattigdomsutviklinga? Kva kjenneteiknar denne pandemien i Norge? Byrådsleiaren i Oslo, Raymond Johansen har sett ord på det: Oslo har det største fattigdomsproblemet i landet. I Norge, landet der alle helst skal bu i eigen bustad og der utviklinga i bustadprisane er viktigare enn lønsutviklinga, spelar dette utviklinga av fattigdomsproblemet seg framfor alt ut i bustadmarknaden. Den såkalla sjukepleiarindeksen viser at jamvel denne yrkesgruppa med relativt høge inntekter nå må langt ut av bykjerna for å ha økonomi til å bli sjøleigar. Berre dei som har rike foreldre kjem inn i bustadmarknaden. Fattigdomsproblemet går i arv og aukar eksponensielt frå generasjon til generasjon.

Eg håper at nå har vore så pedagogisk at alle ser poenget: Det er nøyaktig samanfall mellom episenteret for koronaepidemien og episenteret for fattigdomsepidemien. Det er dei delane av episenteret Oslo der folk bur tettast og trongast at viruset ynglar seg, og det er der dei fattige bur, men fleir og fleir som leiglendingar i mindre og mindre leilegheiter og hyblar. Dei som er litt mindre fattige, som sjukepleiarane, søkjer seg ut av byen og pendlar inn. På den måten veks episenteret i geografisk omfang.

Både før og under korona har vi nesten dagleg hatt mediedekning som fortel om bustadprisar som aukar sterkare enn reallønningane slik at fleir og fleir blir råka av denne fattigdomsutviklinga. Kjenneteiknet ved denne mediedekninga og debatten er at nesten alle ser på sentraliserande byvekst som ei naturlov. Einaste løysinga er derfor å bygge fleire bustadar. Skal dei fattige få økonomi til å kjøpe desse bustadane, må det byggast i høgda for å få tomteprisane ned, og det må byggast mindre leilegheitar for å få kvadratmetrane ned. Altså: for å få bukt med denne delen av fattigdomsproblemet, at folk ikkje har råd til eigen bustad, må vi ha ei samfunnsutvikling som gjer storbyane til enda meir eksplosive pandemisenter i framtida.

Da er vi ved eit kjent tema for all samfunnsplanlegging: målkonflikter. Her: det som kan få fleir i storbyane til å få eigen bustad vil fremje og forsterke viruspandemiar i framtida. I ei slik målkonflikt vil det permanente fattigdomsproblemet truleg «vinne» over dei sykliske epidemiane som ein vonar aldri meir vil oppstå. Det er neppe tilfeldig at Norge ikkje var førebudd på epidemiar trass i at tunge offentlege utval har sagt frå om uforsvarleg mangel på kriseplanlegging.

Spørsmål som da reiser seg, er: Har vi døme på at storbyar har klart å «bygge» seg ut av problemet med så dyre bustadar at dei fattige blir «eigedomslause»? Eg har ikkje forska på dette, men eg kjenner ikkje til noko eksempel i vanlege marknadsøkonomiar. Grunnen er todelt. Når byane veks, blir areala knappare og prisane høgre. Når prisane går ned (det skjer også tidvis i storbyane) stoppar nybygginga opp fordi det ikkje lenger er big business å bygge.

Altså endar vi opp med at fattigdomsepidemien ikkje kan slåast ned dersom sentralisering er «ei naturlov». Det same gjeld virusepidemiane: Fleir og fleir må bu i episentra i framtida.

Pandemiar har verda aldri unngått. Urbaniseringa nasjonalt og globalt gjer at episentra veks i folketal og transportsystema gjer at rekkevidda aukar. Større og større del av innbyggarane blir ein del av episenteret. Også under pandemiar er det vinnarar. Det viser verdens børsar. Ein sikker vinnar er det medisinindustrielle komplekset som produserer vaksinar.

Sentralisering som ei naturlov blir grunngitt med langtidsutviklinga frå vi var eit fangst- og jegersamfunn via den sentraliserande utviklinga av eit jordbrukssamfunn til den enda meir sentraliserande industrielle revolusjonen. Men i denne langtidsutviklinga finn vi unntaksperiodar som viser at det er mogleg å stoppe byveksten. I Norge treng vi ikkje gå lenger tilbake enn perioden 1970-1985. Da hadde vi ein sterk distriktspolitikk, folketalsveksten i Osloregionen stoppa opp og den store etterkrigsgenerasjon (68-arane) fekk ein lettare inngang i både arbeids- og bustadmarknaden.

Ei slik utvikling bør forsterkast i dag. Vi bør planlegge for folketalsnedgang spesielt i Oslo-regionen. Folketalsframskrivingane viser at det ikkje er nokon vekst å fordele. Byvekst vil derfor føre til enda sterkare avfolking i distrikta. Allereie nå er det slik at bygdene har sitt eige bustadproblem. I motsetnad til i byane taper alle som bygger seg hus store pengar dersom dei må selje etter nokre år.

Er det slik vi vil ha det i Norge?

 

Illustrasjonsfoto: Mr. Kjetil Ree, CC BY-SA 3.0 

 

Artikkelen er merket med:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Avsporing i planfeltet

I Plan 1/2020 stilte vi spørsmålet: Hvor har det blitt av arealplanlegginga? Aarsæther, Hanssen og Hofstad kommenterer artikkelen i samme nummer, uten å a lest artikkelen vår særlig grundig. I alle fall tillegger de oss i svaret en rekke oppfatninger vi ikke har. Her kommer et forsøk på oppklaring og noen presiseringer.

Nye studieplasser i planfag skaper jubel

Regjeringen oppretter i alt 92 nye studieplasser innenfor planfag.

Har du en god idé til hva som skal skje på Grønlikaia?

Hav Eiendom ber om innspill fra innbyggerne til hvordan Grønlikaia i Oslo skal bli i framtida. – Da Fjordbyen ble planlagt for snart 20 år siden, var det stor avstand fra det arkitektene jobbet med og folks bevissthet. Nå som området har tatt mer form, begynner bevisstheten hos innbyggerne å bli mye tydeligere, og da følger engasjementet med, sier Henning Sunde i Rodeo arkitekter.